Medlemmar i Møre i Romsdal dio kan søkje om økonomisk støtte
til kurs etter desse statuttane:
a) Godkjenning lavine klasse B kr. 1500, for hundefører som må følge B-kurs
b) Gjennomført vekas arbeid og godkjenning ettersøkning klasse B kr. 1500 for hundefører som må følge B-kurs
c) Ved stryk på A /1.Re prøver lavine og ettersøk der hundefører må følge hovedkurs, kan det gjevast støtte med kr 1000
d) Ved deltaking på kurs som er klart relatert til brukshundarbeid, kan det søkjast om støtte til kursavgift med kr 300 inntil to gongar pr år
e) Ved deltaking på teoridel Grunnkurs utanfor eige distrikt kan det søkjast om støtte på kr 500
f) For faglege kurs som er relevante for HF eller BA/NK, og kurs der NRH sentralt disponerer ein plass, t.d Fagkurs skred, Samarbeid på skadested.
Kan det søkjast om støtte i forkant av kurs og styret tek stilling til om det kan gjevast støtte til dekning av kursavgift.
Medlemmane har sjølv ansvar for å sende søknad til styret og legge ved relevant dokumentasjon slik at styret kan handsame søknaden.
Styret i Møre og Romsdal distrikt
September 2006